Om Asgjerd

Portrett av Asgjerd Bergheim
Asgjerd i dag

Dette er bloggen til Asgjerd Bergheim som er fødd, oppvaksen og busett i Gloppen Kommune på eit småbruk med namnet Labakken. Småbruk vert populært rekna for å vere idylliske og vakre stader men er samstundes svært effektive pengesluk, noko Asgjerd kan stadfeste.

Asgjerd vart hekta på bruk av Internett kring årtusenskiftet. Ho overtok då ein nær ubrukeleg bærbar PC som, på særs gode dagar med lageleg ver, til naud kunne sende og motta e-post.

Portrett av Asgjerd Bergheim (1950-1960)
Asgjerd for nokre år sidan

Etter sterkt påtrykk frå ein av dei udugelege og lite hjelpsame sønene sine freistar Asgjerd seg no med eigen blogg på verdsveven. Målesttinga med dette er å finne eit alternativt publikum å lufte frustrasjonar og gleder overfor når avkomet ikkje kan, eller vil, ta telefonen.

Asgjerd ynskjer dykk difor velkomne til denne bloggen der de kan lese om lokale, regionale og globale hendingar som har skapt reaksjonar her ute i provinsen.

Med beste helsing men heilt utan påhalden penn

Asgjerd Bergheim, 04.02.2007