Gjebuss…

Det var eit upåklageleg arrangement, 85-årsdagen i ettermiddag. Ca 40 meir og mindre tilårskomne heldt stemninga og oppe. Kaffien smakte, kakene likeså. Men akk, so kjem ein ut, der tunge våte snøfiller dalar ned og gjer dei frå før ikkje heilt isfrie vegane livsfarlege for oss oppe i åra. Han let vente på seg vinteren i år, men jammen blir det visst nok.

Den eine dagen vi såg sola her på Kleiva var ho her eit kvarter. Ser fram mot neste solglytt…

Laurdagstidsfordriv

Noko som kan anbefalst på det varmaste er «kryssen» i Magasinet i Dagbladet på laurdag
Det skjerpar og gledar gamle hjernevinningar.

Var det nokon som visste at draum er det same som «IDEUTVIKLINGSBEGYNNELSESFASE «eller at lærar sorterar under «KARAKTERSETNINGSGLEDESPREDER»?

PRØV «KRYSSEN» SJØL SO SKA DU SJÅ !

Søndag i gråveir!

Grått, trist, skodde og snø i fjella, kan det bli verre ein februardag då sola etter rett skulle syne seg i skaret på denne tid av dagen?

Forhåpentleg vis vert dette kompensert av ein foreståande gjebuss i etter middag. Det knyter seg store forhåpningar til hyggeleg selskap og ein god kaffikopp.

Då eg meir eller mindre er blitt tvinga til å gå inn på dette bloggprosjektet, knyter det seg ein del spenning til korleis eg kan greie å følgje opp forventningane. Vi får sjå…

Gamle kjerringar på Internett

Det er ikkje lenger berre «ungstrikar» som dominerar på veven. Blogging har gjeve kvar og ein av oss den same krafta til å publisere som dei store mediehusa – om enn ikkje den same gjennomslagskrafta. Folk har måtta gå frå arbeidsplassane sine grunna ting dei har skrive i bloggane sine. Uvitande folk har mista arbeidet sitt grunna ting som har blitt skrive i bloggar av andre. Kraftfulle greier…

Eg er pensjonist, fritenkjande og uvøren. Dette kan vere ein fårleg kombinasjon når eg no har utstyrt meg med min eigen blogg!!!