Sist i oktober……….

Ikkje ofte eg er på desse «kantar»    Mykje svevar i hovudet om dagane kva eg no ellers held på med..men å kome i skrivemodus ligg langt inne.

Ruskeveret har no meir og mindre hange saman i eit år….heilt sidan den store  reisa til St Petersburg 20.10.2010.og jula nærma seg igjen. 

 Ein kan take til å sjå fram mot ei langhelg med vitjing frå fjerne varme strender …som må ta freistnaden med å «kjøle» seg ned nokre dagar  på ei nordlegare breiddegrad…..Velkomne skal dei vere. ………….So til dei grader velkomne………

Likeeins velkomen til ein gul, fullasta Cangoo som syter for eit utal fargesprakande plastposar………. nok til å fordele i alle rom i huset.          Julepynt er nesten ikkje bruk for……………..Og leidnigar på kryss og tvers. Det vert ikkje berre golvteppe å snåve i for eit tilårskome  menneskje………… Julekortproduksjon og distribusjon av desse………….juletre hogst, ja det er  ikkje måte på alt som må som  gjerast

I tankane ligg julepølse og sukkerøl å lurer. Vonar at eg dette året og skal meistre  å få i stand dei to tinga eg endå meinar å kunne glede dåkke med.

Det viktigaste av alt:  At de kjem, at de vil vere her!!!

Klokka har endra seg sist natt så no er vel skillnaden tre timar mellom her og  Oman, der de venteleg oppheld dåkke no.

Det vart ikkje noko stort poetisk innslag her i kveld men berre syner at eg  oppe å går.

Ny innstallasjon på maskina gjer og at eg veit ikkje endå om dette går gjenom. Eit prøveprosjekt med andre ord

 

 

 

Problemet golvteppe / 70 pluss!

 Har i kveld freista rasere ei kneskål på høgre foten, og eit par tær på venstre foten i to ulike operasjonar,  ………i kanten av to ulike teppe.

Spørsmålet er:  Skal ein fortsetje i same gata…dei fleste i denne gruppa gjer det. Teppe for ein kvar pris…eller skal eg bryte denne uskrivne regel  og kaste uhumskheta?

Vanskeleg valg då desse stripete objekta skjuler eit visst forfall rundt om i bustaden,…………. heva standarden om du vil.

Får ta det opp ved neste fall————-eller kanskje før?

Samstundes eg er her på veven så må eg berømme han som har sett sida i stand att, så det er mogleg å ytre seg ved høve.

Kan og bevitne at «påholden penn » har ikkje funne stad

Mystikk!

Etter ein rask gjenomgang av eit visst lokalt skrift, finn eg dei mest finurlege kommentarar servert som reine «delikatesser» i humorens navn………,

Det kan knappast vere nokon genetisk link……. då opphavet knappast kan ytre seg verbalt utan at alt vert misstolka og oppfatta i verste meining?

Skjøna han det……… som burde forstå, kven/kva dette rører seg om??

Mange spørsmål og ingen svar

Eg ser dåkke ved vatnet i skogen , eg ser dåkke på «luftetur» langs vegen. Vegkanten som i vinter var dekka av rimfrost er no er full av ville blomar.

Kan de sjå dei, og kjenne på dei, lukte på dei…..?

Er der nokon som pratar med dåkke om alt det vakre som fins i naturen på ein slik rusletur?

Eller ved vatnet der svaner og ender søm og dukkar etter føde, på vårparten når isen har gått bort.
Når bilen kan køyre heilt til kanten av vatnet og de kan gå ut og kjenne angen av skogen av vatnet av den gryande våren.
Er der nokon som tek del i dette, i lag med dåkke?

Eg kjenner ikkje regelverk og lover som måtte finnast for menneskje som av ulike grunnar må leve sitt liv på institusjon.
Kan hende er det slik det skal vere. At der heile tida er nokon som ser etter dåkke, nokre meter føre, eller etter?
Uten noko form for verbal kontakt.

Kan hende tek eg grundig feil,men for meg fortonar møta med dåkke seg som bilete pÃ¥ den totale einsomheit.
Ei verd der berre de bur, ei verd som heller ingen andre delar eller «prøvar» kome inn til.

Ein gong for mange år sidan søkte eg på ei utlyst stilling ved ein slik heim og fekk avslag!
Det er ei meining med alt heiter det.
Denne gongen var det så, eg hadde aldri passa inn det bilete eg ser!

Men eg tek opp att, kanskje tek eg feil?

Tankar etter ei morgonvandring

Klokka er fem og morgonen er eit faktum, eg kan aldri bli liggande
Delvis skya med ei aning raudt i kantane i aust verkar lovande…….. kanskje kjem sola?

Ute for glaset går tre hjortar og forsyner seg av det som måtte finnast av markens grøde frå i år, eller i fjor….?
Mine morgonturar tek til i seks, halvsju tida og strekkjer seg over ein times tid.
Nokre dagar har eg radio på øyra, då vegane kan verte noko einsformige etter å ha gått same råsa (med små variasjoner) i ei årrekke.

Nyhenda frå eteren er ikkje alltid av det gode, og i dag har eg endå ein gong fått høyre korleis det er stelt med Helse Norge.

Ein kar var i skogen på vedhogst, fekk eit tre over seg ,kom på sjukehus og vart utskriven i koma, og plassert i ein omsorgsbustad med 4 timar tilsyn pr dag!
Eg trudde eg måtte ha høyrt feil, at det var namnet på ein sjukdom eg ikkje fekk med meg.
Men nei, det var «KOMA»……….medvitslaus person.
Ein 79 år gamal far. To fortvila døtre

Frå øverste etat i komunen, som forøvrig var like fattig som alle kommunar, vart det uttalt at dei hadde den heile og fulle tillit til helseetaten som hadde utgreia saka og funne pleietilbodet absolutt forsvarleg.

Eg kjenner det vert vanskeleg å puste her eg set, og lurer endå ein gong på om eg kan ha høyrt feil.
Norsk lov forbyr det «unevnelege» ………dødshjelp. Kva er skilnaden på aktiv og passiv dødshjelp?
Kor mykje lenger kan ein bevege seg bort frå den passive, før det nærmar seg den aktive?
Berre nyansert, juridisk tolkning av lova fastslår det, i dei tilfelle resurssterke personar nyttar dette forum.
Vi kvardagsmenneskje ser det nok litt onnorleis.

Det er noko som heiter helse og omsorgstilbod.
Ordet tilbod er ein klisje.
Alle som har kome på ein institusjon av eit eller anna slag er avhengige av å ha minst ein resurssterk pårørande som bryr seg om ein, og som er i stand til å ta opp kampen (krigen) med dette såkalla «tilbodet»
Dette går ogso utover personalet som dagleg slit og er underbemanna. Det er ikkje dei, men «systemet» som er heilt feil.

Morgonturen vart av eit anna slag i dag . Det tok til å regne under vegs og den venta sola uteblei.
Tankane vart ogso mørkare…………….79 år eller 72 år?
Landet vert rikare og komunane fattigare. Den varsla eldrebølgja kjem veltande å tek kvelartak pÃ¥ dei fattige kommunane.
Kva kan gjerast? ……….Lage ei ny lov kanskje?

Posten……..Norge

Abonnerar du på Programbladet, så sikrar du deg å få det i postkassa «før» det kjem i butikken!
Slik lyer reklamen, for bladet som ikkje har fått med seg at posten som no køyrer rundt i raude fine bilar ikkje kan makte det same, som postmannen med sin gamle sykkel og tunge postveske klarte for 50 år sidan.

I mi postkasse ligg bladet og glor stygt på meg tirsdag etter middag………
I praksis kan eg hoppe over dei to første dagane og gå rett på onsdag

I dag har eg sagt det opp!

70 årslag i Oslo

Jammen er det triste greier at eit brurefylgje frå Sogn og Fjordane skal vere årsak til utflyttinga frå fylket ……………iallefall vere eit hinder for at det går an å flytte tilbake
Dei visste sikkert ikkje at dei hadde vore så «uheldige» alle desse som hadde lagt ned så masse arbeid for å gjere stas på kongen vår.

Flott jobba………

Låke tider

Det har vore låke dagar , men ikkje utan «solskin»
Influensa og feber, alle vonde vetter er laus………

Det heiter at det er i dei vonde tider du skal få sjå kven som er dine vener.
Og er har hatt minst to svært gode vener denne tida
Den eine har sytt for ved den andre har handla……………
Kva skal eg gjere for dei, bortsett frå å fortelle kor glad eg er for dette?

Det får eg pønske på no når eg kjem til sans og samling att