Eg ser dåkke ved vatnet i skogen , eg ser dåkke på «luftetur» langs vegen. Vegkanten som i vinter var dekka av rimfrost er no er full av ville blomar.
Kan de sjå dei, og kjenne på dei, lukte på dei…..?
Er der nokon som pratar med dåkke om alt det vakre som fins i naturen på ein slik rusletur?
Eller ved vatnet der svaner og ender søm og dukkar etter føde, på vårparten når isen har gått bort.
Når bilen kan køyre heilt til kanten av vatnet og de kan gå ut og kjenne angen av skogen av vatnet av den gryande våren.
Er der nokon som tek del i dette, i lag med dåkke?
Eg kjenner ikkje regelverk og lover som måtte finnast for menneskje som av ulike grunnar må leve sitt liv på institusjon.
Kan hende er det slik det skal vere. At der heile tida er nokon som ser etter dåkke, nokre meter føre, eller etter?
Uten noko form for verbal kontakt.
Kan hende tek eg grundig feil,men for meg fortonar møta med dåkke seg som bilete pÃ¥ den totale einsomheit.
Ei verd der berre de bur, ei verd som heller ingen andre delar eller «prøvar» kome inn til.
Ein gong for mange år sidan søkte eg på ei utlyst stilling ved ein slik heim og fekk avslag!
Det er ei meining med alt heiter det.
Denne gongen var det så, eg hadde aldri passa inn det bilete eg ser!
Men eg tek opp att, kanskje tek eg feil?
Eg skal tipse nokon om å lese denne posten!!!