Tankar etter ei morgonvandring

Klokka er fem og morgonen er eit faktum, eg kan aldri bli liggande
Delvis skya med ei aning raudt i kantane i aust verkar lovande…….. kanskje kjem sola?

Ute for glaset går tre hjortar og forsyner seg av det som måtte finnast av markens grøde frå i år, eller i fjor….?
Mine morgonturar tek til i seks, halvsju tida og strekkjer seg over ein times tid.
Nokre dagar har eg radio på øyra, då vegane kan verte noko einsformige etter å ha gått same råsa (med små variasjoner) i ei årrekke.

Nyhenda frå eteren er ikkje alltid av det gode, og i dag har eg endå ein gong fått høyre korleis det er stelt med Helse Norge.

Ein kar var i skogen på vedhogst, fekk eit tre over seg ,kom på sjukehus og vart utskriven i koma, og plassert i ein omsorgsbustad med 4 timar tilsyn pr dag!
Eg trudde eg måtte ha høyrt feil, at det var namnet på ein sjukdom eg ikkje fekk med meg.
Men nei, det var «KOMA»……….medvitslaus person.
Ein 79 år gamal far. To fortvila døtre

Frå øverste etat i komunen, som forøvrig var like fattig som alle kommunar, vart det uttalt at dei hadde den heile og fulle tillit til helseetaten som hadde utgreia saka og funne pleietilbodet absolutt forsvarleg.

Eg kjenner det vert vanskeleg å puste her eg set, og lurer endå ein gong på om eg kan ha høyrt feil.
Norsk lov forbyr det «unevnelege» ………dødshjelp. Kva er skilnaden på aktiv og passiv dødshjelp?
Kor mykje lenger kan ein bevege seg bort frå den passive, før det nærmar seg den aktive?
Berre nyansert, juridisk tolkning av lova fastslår det, i dei tilfelle resurssterke personar nyttar dette forum.
Vi kvardagsmenneskje ser det nok litt onnorleis.

Det er noko som heiter helse og omsorgstilbod.
Ordet tilbod er ein klisje.
Alle som har kome på ein institusjon av eit eller anna slag er avhengige av å ha minst ein resurssterk pårørande som bryr seg om ein, og som er i stand til å ta opp kampen (krigen) med dette såkalla «tilbodet»
Dette går ogso utover personalet som dagleg slit og er underbemanna. Det er ikkje dei, men «systemet» som er heilt feil.

Morgonturen vart av eit anna slag i dag . Det tok til å regne under vegs og den venta sola uteblei.
Tankane vart ogso mørkare…………….79 år eller 72 år?
Landet vert rikare og komunane fattigare. Den varsla eldrebølgja kjem veltande å tek kvelartak pÃ¥ dei fattige kommunane.
Kva kan gjerast? ……….Lage ei ny lov kanskje?

En kommentar til «Tankar etter ei morgonvandring»

  1. Det er eit interessant perspektiv du gjev til kjenne i denne posten: kva er skilnaden på passivt å stige over ein tiggar på gata og det å aktivt gje han eit velretta spark?

    Men kva gjer vi med årsaka: den kommunale fattigdomen? Eg er klar på kva område eg ynskjer å prioritere opp men er langt meir usikker på kva område eg er villeg til å ofre til fordel for desse. Har du tankar om dette?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *