70 årslag i Oslo

Jammen er det triste greier at eit brurefylgje frå Sogn og Fjordane skal vere årsak til utflyttinga frå fylket ……………iallefall vere eit hinder for at det går an å flytte tilbake
Dei visste sikkert ikkje at dei hadde vore så «uheldige» alle desse som hadde lagt ned så masse arbeid for å gjere stas på kongen vår.

Flott jobba………

Låke tider

Det har vore låke dagar , men ikkje utan «solskin»
Influensa og feber, alle vonde vetter er laus………

Det heiter at det er i dei vonde tider du skal få sjå kven som er dine vener.
Og er har hatt minst to svært gode vener denne tida
Den eine har sytt for ved den andre har handla……………
Kva skal eg gjere for dei, bortsett frå å fortelle kor glad eg er for dette?

Det får eg pønske på no når eg kjem til sans og samling att

Søppel

Ein skal høyre mykje før øyra dett av, men det same gjeld augene…………..
I sytten kalde grader har dei no byrja køyre slam til Vassbrekka igjen.
Miljøvenlege NoMil yter sitt parfymerte bidrag, til eit i dag, særdeles vakkert landskap.

Att det går an!!

Turistar………..

Til Turisten!

Ein gong eg var på ferie i utlandet så fekk eg ein spydig kommentar:» Har du aldri høyrt om internett-kafear»?
No veit eg ein som er på tur og som har tilgang både på nett og kamera…………..men han veit kanskje ikkje korleis ein brukar det?

Ei oppfordring til alle som er ute i verda!

Send ei lita helsing til den som heime går,»de e so kjekt og meir tetakslyst ein får»

Gjebuss…

Det var eit upåklageleg arrangement, 85-årsdagen i ettermiddag. Ca 40 meir og mindre tilårskomne heldt stemninga og oppe. Kaffien smakte, kakene likeså. Men akk, so kjem ein ut, der tunge våte snøfiller dalar ned og gjer dei frå før ikkje heilt isfrie vegane livsfarlege for oss oppe i åra. Han let vente på seg vinteren i år, men jammen blir det visst nok.

Den eine dagen vi såg sola her på Kleiva var ho her eit kvarter. Ser fram mot neste solglytt…

Laurdagstidsfordriv

Noko som kan anbefalst på det varmaste er «kryssen» i Magasinet i Dagbladet på laurdag
Det skjerpar og gledar gamle hjernevinningar.

Var det nokon som visste at draum er det same som «IDEUTVIKLINGSBEGYNNELSESFASE «eller at lærar sorterar under «KARAKTERSETNINGSGLEDESPREDER»?

PRØV «KRYSSEN» SJØL SO SKA DU SJÅ !

Søndag i gråveir!

Grått, trist, skodde og snø i fjella, kan det bli verre ein februardag då sola etter rett skulle syne seg i skaret på denne tid av dagen?

Forhåpentleg vis vert dette kompensert av ein foreståande gjebuss i etter middag. Det knyter seg store forhåpningar til hyggeleg selskap og ein god kaffikopp.

Då eg meir eller mindre er blitt tvinga til å gå inn på dette bloggprosjektet, knyter det seg ein del spenning til korleis eg kan greie å følgje opp forventningane. Vi får sjå…

Gamle kjerringar på Internett

Det er ikkje lenger berre «ungstrikar» som dominerar på veven. Blogging har gjeve kvar og ein av oss den same krafta til å publisere som dei store mediehusa – om enn ikkje den same gjennomslagskrafta. Folk har måtta gå frå arbeidsplassane sine grunna ting dei har skrive i bloggane sine. Uvitande folk har mista arbeidet sitt grunna ting som har blitt skrive i bloggar av andre. Kraftfulle greier…

Eg er pensjonist, fritenkjande og uvøren. Dette kan vere ein fårleg kombinasjon når eg no har utstyrt meg med min eigen blogg!!!