Sist i oktober……….

Ikkje ofte eg er på desse «kantar»    Mykje svevar i hovudet om dagane kva eg no ellers held på med..men å kome i skrivemodus ligg langt inne.

Ruskeveret har no meir og mindre hange saman i eit år….heilt sidan den store  reisa til St Petersburg 20.10.2010.og jula nærma seg igjen. 

 Ein kan take til å sjå fram mot ei langhelg med vitjing frå fjerne varme strender …som må ta freistnaden med å «kjøle» seg ned nokre dagar  på ei nordlegare breiddegrad…..Velkomne skal dei vere. ………….So til dei grader velkomne………

Likeeins velkomen til ein gul, fullasta Cangoo som syter for eit utal fargesprakande plastposar………. nok til å fordele i alle rom i huset.          Julepynt er nesten ikkje bruk for……………..Og leidnigar på kryss og tvers. Det vert ikkje berre golvteppe å snåve i for eit tilårskome  menneskje………… Julekortproduksjon og distribusjon av desse………….juletre hogst, ja det er  ikkje måte på alt som må som  gjerast

I tankane ligg julepølse og sukkerøl å lurer. Vonar at eg dette året og skal meistre  å få i stand dei to tinga eg endå meinar å kunne glede dåkke med.

Det viktigaste av alt:  At de kjem, at de vil vere her!!!

Klokka har endra seg sist natt så no er vel skillnaden tre timar mellom her og  Oman, der de venteleg oppheld dåkke no.

Det vart ikkje noko stort poetisk innslag her i kveld men berre syner at eg  oppe å går.

Ny innstallasjon på maskina gjer og at eg veit ikkje endå om dette går gjenom. Eit prøveprosjekt med andre ord