Problemet golvteppe / 70 pluss!

 Har i kveld freista rasere ei kneskål på høgre foten, og eit par tær på venstre foten i to ulike operasjonar,  ………i kanten av to ulike teppe.

Spørsmålet er:  Skal ein fortsetje i same gata…dei fleste i denne gruppa gjer det. Teppe for ein kvar pris…eller skal eg bryte denne uskrivne regel  og kaste uhumskheta?

Vanskeleg valg då desse stripete objekta skjuler eit visst forfall rundt om i bustaden,…………. heva standarden om du vil.

Får ta det opp ved neste fall————-eller kanskje før?

Samstundes eg er her på veven så må eg berømme han som har sett sida i stand att, så det er mogleg å ytre seg ved høve.

Kan og bevitne at «påholden penn » har ikkje funne stad

En kommentar til «Problemet golvteppe / 70 pluss!»

Legg igjen en kommentar til Runar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *